Startside Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

NAMNET

 

Korleis bygda fekk namnet sitt er det mange tankar om. I bygdeboka for Gulen, utgjeven i 1973, skriv Ivar Kleiva at ein kan treffe på eldre folk som uttalar namnet “øi’nnjevik”. Dette kan samanliknast med det som prost Dahl nemner i ein artikkel i “Budstikken” i 1824 der han seier at han har høyrt at namnet skal vera “Ønevig” eller “Eyarvig” (vika som er skjerma/ligg i ly av øyar). Dahl seier m.a.: “Virkelig udtales det ogsaa af Almuen Ønevig, og ikke Evindvig”.     

Dei måtar eg har sett namnet skrive på er: Øyuindarviik, Øyfindarvik, Æyvindarviik, Ewyndeveyck, Evendvijg, Evindvig, Evenvik, Eivinvik og Eivindvik. På eit gamalt kart har eg også sett Edvindvik.

Ein del meinar at namnet kan ha utvikla seg frå Eidvin som skulle tyda “sletta der dei gjorde eiden”. E. Bjordø, som har skrive ein del om kyrkja og plassen her, nemner Eidvin omsett med Tingvoll. Det same skriv Albert Joleik om i ein artikkel i “Syn og Segn” for desember 1917. Han nemner også namneformene “Eidvinjarvik” og “Eivindarvik”. Han seier at namneforma Eivinvik er i samsvar med det folk seier no (1917), “ingen segjer namnet med d, utan naar dei les”. Han seier vidare: “Ei(d)vinvik=Tingvoll-vaag”.

Enkelte hevdar også at staden har namn etter ein kjend person Eivind/Øyvind e.l. Er det tilfelle trur eg, som dei fleste som har skrive om dette, at staden tidlegare har hatt eit anna namn med naturleg tilknyting til området.

Dahl meinar at det mektige gamle Gaulom hadde hovudsetet her med sitt “agiæta høfut-hof” (præktige hovudtempel), plassert i området der kyrkja no står. Det er fleire med han som meinar at folket i eit stort område har hatt sin samlingsstad og sine heilagdomar her også langt tilbake i heidensk tid. Dahl har tydelegvis granska mykje på dette og i tillegg til den nemnde artikkelen i “Budstikken” i 1824 går han, i ein artikkel attgjeven i “Det kgl. norsk videnskabers selskaps skrifter i det 19.årh., III, s. 77-98” (1826), inn på temaet og som vanleg går han grundig til verks. I begge artiklane prøver han å prove at Gaulom må ha vore i Gulen og meinar at Gulatinget har stått på staden for gamle Gaulom. Han meinar at namnet Gaulom kjem av gavl som tyder ein “Ende, Side, Bund eller Bugt af Noget” og seier at “Flertallet av Gavel bliver ustridig i det Norske Sprog Gavlom eller Gaulom; thi u og v brugtes og bruges endnu i Fleng som ensbetydende Bogstaver; altsaa naar det bruges om hele Bygdela­uge, betyder det flere Ender eller Bugter af mere og mindre langt ind i Landet stikkende Fjorde”.

I artikkelen av 1826 skriv han at “Gaul” framleis i vanleg tale i Nordhordland vert brukt om “Bugt eller Arm af Søen” og “Paul” om ein poll som vert turr ved fjære sjø. Han prøver å vise kor godt Gulen, samanhelde med det som me ser frå sogebøker og segner, høver med det historiske Gaulom. Han meinar at Gaular i Sunnfjord har namnet etter elva Gaula, som igjen har fått namn etter lyden (gaulinga) frå elva. Dette er eit syn som eg har inntrykk av at og folk i Gaular har. Det er no også ålment godkjent at Gulatinget må ha lege i Gulen (sør for Sognefjorden, i det som då var Nordhordland) og ikkje i Gaular (nord for Sognefjorden). Kanskje er dette for ein del eit resultat av Dahl sitt grundige arbeid. Dahl meinar at Gulatinget og gamle Gaulom var på ein og same stad og at dei ikkje låg i Osen i Sunnfjord, men i Gulen. Det han skriv synest eg er svært interessant, med mange gode argument og fornuftige slutningar, men det vil føra altfor langt å gje att alt her.

I bygdeboka for Gulen skriv Ivar Kleiva at “Eivindvik var frå først av ein retteleg storgard. Den rokk frå Dingja i nordvest, åtte landet på austsida av Folefotsundet, nordsida av Prestesundet, og rundt heile Midtunvågen til Merkesvika mot Floli. Garden hadde svære fjellvidder i nord og aust, og dessutan øyane: Vesøy, Fonna og Tyløy (Marøy eller Napsøy), mange tusen dekar i alt.”

Dahl meinar også at det her har lege ein storgard. Han meinar det er sannsynleg at alle gardane frå prestegarden til Floli og likeeins alle “Gaarde fra Skjerjehavn og rundt om Evindvigs Præstegaard til alle sider i en Frastand af ¾ Miil have været, om ikke en eneste Gaard, dog næsten eet Gods; i det ringeste gives ingensteds saa meget Kirken, Geistlighed og milde Stiftelser beneficeret Jordegods samlet paa et Sted som her”.

Kartet ifrå 1771 viser delar av det gamle Evenvig prestegjeld.

 Det er fleire sogegranskarar som har vore inne på at det har vore store jordeigedomar knytt til Eivindvik. Såleis skriv professor Knut Robberstad i eit skriv om Gulatinget at prestekallet her hadde “godt med jordegods”. Ei rad av gardane i Gulen var kyrkjegods. Oberstløyntnant Holck skriv i ein artikkel i “Budstikken” i 1824 m.a.: “saavel Gaarden Floelie som de imellem denne og Evenvigs Præstegaard liggende - rett vakkre Gaarde, nemlig Underthun, Midthun, Henriksbøe, Gryten ect. ere alle enten beneficeret eller Kirkegods, og saaledes rimeligen i Fortiden have udgjort en fælles Eiendom, der har staaet under Statens Disposition”. Dahl har vore inne på at området kan ha vore ein slags ålmenning, og dette med “under Statens Disposition” kan tyde på det same. Det ser ut for at dei som har skrive om dette meinar at Eivindvik har vore sentrum i denne store eigedomen.

Kva namnet på eigedomen kan ha vore veit me ikkje noko sikkert om. Dahl meinar, som nemnt, at me her har hatt den gamle kjende samlings- og offerstaden Gaulom. A. Brømel meinar i ein artikkel i “Urda” at då Olav Trygvason fekk kristendomen vedteken på Gulatinget i 997 vart “ogsaa det gamle Avgudstempel, som stod på Gaulom nedrevet, Afgudsbillederne ødelagte, den hellige Lunds gamle erværdige Egestammer omhuggede, og først et Steenkors reist, og siden en christelig Kirke opbygget og indviet, hvor et hednsk Tempel før havde staaet.” Det ser altså ut for at Brømel her er samd med Dahl. Kan det vera slik at namnet Gaulom kan ha vorte til Guli/Gula?  Det er fleire som har hevda det.

Også Ludvig Holm-Olsen har vore inne på namnet på Eivindvik. I ein artikkel i “Bergens Tidende” 5.-6.juli 1966 skriv han m.a.: “Storgarden i Eivindvik har neppe hatt dette navnet fra begynnel­sen av. Kanskje er navnet på fjorden, Guli, blitt navnet på en gard ved viken her ved fjorden og senere på hele området.”

I det ovanfor nemnde skrivet av Knut Robberstad nemner han, som eitt av fleire alternativ, at Guløy kunne vera namnet på den gamle garden som Midtun, Henriksbø og Undertun er partar av, eller det kan ha vore eit eldre namn på Eivindvik. Som me kjenner til, og som også Robberstad nemner, så tydde ikkje ordet øy berre land som var omfløytt av vatn, det kunne også vera flatt, kanskje litt skrånande, land som låg til vatn eller sjø. Døme på slik bruk av øy i namn er Ringøy og Vikøy i Hardanger, Fossøy i Jostedal og mange fleire.

Eit anna namn som eg har høyrt nemnt som mogeleg nemning på staden omkring kyrkja her er Ve. Vesøyna, som har høyrt til prestegarden , og framleis er offentleg eigedom, er forklart som øya som høyrer til Ve. Ve tydde på gamalnorsk “heilagdom” og går attende på at folket hadde heilagdomen sin her også i heidensk tid.

I prost Dahl sin artikkel i “Budstikken” i 1824 nemner han tradisjonen om at det skal ha vore kloster i Eivindvik. Han meinar at namnet på staden kan ha vorte endra slik at han har fått namn etter ein kjend geistleg person, munk eller prest. At stadnamn har vorte endra fram gjennom tidene finst mange døme på. Dei kan ha fått nye namn etter personar, etter hending­ar, og av andre, kanskje meir eller mindre tilfeldige, grunnar, og dei gamle namna har gått ut or bruk og vorte gløymde. Det er naturleg at under oppstykkinga av den store eigedomen som kan ha hatt sentrum her, har kvart av dei utskilde bruka fått sine eigne namn. Ser me på gardane i Midtunvågen synest det rimeleg at t.d. Midtun var tunet mellom Gryta (Grøtun) og Henriksbø. Henriksbø har nok då heitt noko anna, kanskje “Myra”. Kleiva skriv i bygdeboka om dette og seier at “Sjølve nemneforma Myra tyder på at garden er utskilt frå ei større eining.” Han skriv også at Henriksbø-namnet truleg ikkje var i bruk før kring år 1500.

Det vert hevda at i retteleg gamal tid var Gryta ein del av Midtun. Kanskje kan det vera grunnen til at vågen inn mot Gryta heiter Midtunvågen. Vegen mellom området ved kyrkja og gardane i Midtunvågen gjekk tidlegare gjennom Grytelia. Kanskje heldt han fram over Midtunelva til eit "Øvstun" som var enden av botnen og i seinare tid vart til Henriksbø ?      

Dahl skriv at namna “Grytten eller Grøthun, Midtun og Underthun give derimod aabenbare tilkjende Udflytninger af Huse paa een og samme Gaard, da det endnu er brugeligt, at kalde den samling af Huse, der tilhøre hvert Brug i een og samme Gaard, Thun.” Han finn her altså nok eit argument for at desse gardane alle er utskilde frå den tidlegare store garden. Noko som lyder svært sannsynleg.

Vika her ute, i munningen av gjelet, lun og grøderik, skjerma av øyar og fjell, låg nok fint til som eventuelt hovudsete i ei større eining. Ho må ha vore ein svært høvande stad for sagafolket sine samlingar, heilagdomar og seremoniar. Kanskje vart staden frå fyrst av rett og slett kalla Gjøli, av det norrøne “gjøl”, som tydar gjel/kløft. Gjøli kan ha utvikla seg til Guli, som for folk som kom utan ifrå til seremoniane her vart ei nemning dei nytta på heile området. Etter kvart som dei lokale namna kom meir fram og vart meir brukte, også av folk utan ifrå, vart sjølve samlingsstaden nemnd med det han då var blitt - sletta/vollen der dei gjorde eiden. Denne nemninga kan så ha innarbeidd seg som namn på sentrum i området som framleis vart kalla Guli. Fyrsteamanuensis Linge nemner også at namnet Guli kanskje kan ha utvikla seg frå det tyrkiske ordet ”kul”=menneske.

Eit anna ord som eg har lyst til å nemna her er det norrøne “gjø” som i gamal tid vart brukt på tidsrommet som i hovudsak dekkar det me no reknar som fyrste vårmånad, mars. Ordet skal koma frå vegetasjonsvettet Gjø som var symbol på det fruktbare. Vettet har nok også vorte dyrka her ved gjøblot (goiblot) i håp om å få fruktbare samlingar og fruktbare år. Kan dette ha hatt noko å seia for namnet på eit område der viktige samlingar kom saman om våren?   

Då ordninga med prestegjeld vart innførd fekk prestegjeldet namn etter hovudsetet her. Det skulle difor liggja nær å tru at staden alt på den tid hadde namnet som har utvikla seg til, og no vert skrive Eivindvik. Eg har lese at dette prestegjeldet truleg er eit av dei eldste, og i si tid kanskje også var eit av dei største, prestegjeld i landet.

Tidlegare førsteamanuensis ved høgskolen i Østfold, Per Linge og kona Britt, var her i Eivindvik to gonger sommaren 2007. Linge hadde mykje interessant å fortelje frå soga, tyrkisk og romersk soge samanhelde med vår eiga,  m.a. det me har etter Snorre, og meinte at det var i tyrkarane/hunarane si stordomstid at Eivindvik fekk sin start og utvikla seg som sogestad, etter tyrkiske reglar og retningsliner. Han kalla staden ein by etter tyrkisk styringsverk med lovgjevande makt, Skandinavia sin suverent eldste hovudstad. Mykje tyder på at her har budd senatorar/prestar og namnet meinar han kan ha utvikla seg frå det tyrkiske ordet ”Ayin” (her skal det vera ^ over bokstaven A) som kjem av seremoni eller ritual, til Ayvin-vik.  Han viser også til ordet ”ayru” som eigentleg tyder jambyrdig og ”denk” som kan tyde ”ting” (i meining som eit ting, ei tingsete.)

Eivindvik er blitt ein del av det forskingsprosjektet som Linge no heldt på med og som det er meininga å gje ut i bokform, noko me med spenning ser fram til.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.