Startside Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

GAMLE SKIKKAR

 

I eldre tider var folk nøye med å halda vedlike skikkane som dei ervde frå sine foreldre, men med tida  har likevel mange av dei gamle skikkane  blitt borte. Alt i 1900 er det i “Fremad” teke til orde for å ta vare på dei gamle bygdeskikkane, men det har, diverre, i liten grad vorte gjort.

 

BEARLAG

Frå dei eldste tider var bygda delt opp i bearlag, det vil seia områder som høyrde saman ved being til jordeferd, bryllaup og andre samkomer. Ved slike høve bad dei visst mange frå dei ymse bruka.

Det har vore vanskeleg å finne greie på desse laga no. Hilda Brosvik seier at ved dødsfall bad dei, på Henriksbø, 2 personar frå kvart hus på Henriksbø og Undertun og 1 frå kvart hus på Indre Midtun. Ho seier at, så vidt ho kan hugse, var det litt annleis ved bryllaup, då vart desse bedarlagsgrensene gjerne ikkje fylgde så nøye.

Korleis det var på dei andre gardane i Midtunvågen er det no ingen som kan seia sikkert, men etter dei samtalar eg har hatt med ein del av dei som bur her, ser det ut for at det, i alle fall ved jordeferder, kan ha vore slik:

Henriksbø bad 2 frå kvart hus på Henriksbø og Undertun og 1 frå kvart hus på Indre Midtun.

Indre Midtun bad 2 frå kvart hus på Midtun og på Gryta og 1 frå kvart hus på Øvre Henriksbø.

Ytre Midtun 2 frå kvart hus på Midtun og på Gryta og 1 frå kvart hus på Nedre Henriksbø.

Gryta 2 frå kvart hus på Gryta og Midtun, 1 frå kvart hus på Undertun.

Undertun 2 frå kvart hus på Undertun og Henriksbø og 1 frå kvart hus på Gryta.

Flolid hadde bearlag saman med Svaberg, Glosvik, Nyborg og Fonna.

Svaberg bad frå Flolid og Nese.

Dei som budde utanfor “Rauleet” utgjorde eit eige bearlag.

 

GRAVFERDSSKIKKAR

Hilda Brosvik har skrive om gravferdsskikkane i 20-30 åra:

“Når det var dødsfall i grannelaget, gjekk bodet frå mann til mann. Det var skjeldan at ein hadde likkiste på lager. Sumtid fekk ein frå Skjerjehamn, men oftast frå Bergen. Når ein hadde fått kista på plass, sende ein bod til næraste grannar, at no ville me leggje i kista, og at dei måtte kome til ei samlings­stund. (Likskue eller båreandakt so det no vert kalla).

Her var det øvre og nedre Henriksbø som samlast, 2 frå kvart hus. Ein samlast då til ei andaktsstund kring den opne kista, der den døde låg pent pynta. Når andaktsstunda var ferdig, tok ein farvel med den døde og la kisteloket på. Kista vart so boren ut i eit anna rom. Det var kjeldaren, eller eit uthus, der det var rydda og fint tilstelt. Når det var ordna, samlast flokken til eit kaffi-mat måltid før dei tok på heimveg.

Gravferdsdagen var som regel 8 dagar etter dødsdagen, dersom det ikkje var hindringar i vegen. Ein frå vertsfolket gjekk rundt å bad dei som skulle vera med. Her på Henriksbø bad me 2 frå kvart hus på Henriksbø og Undertun, 1 frå kvart hus på Indre Midtun, klokkar og prest var alltid med. Det var mykje skyldfolk innbed­ne. Slekta var som regel stor, og ein bad langt ut i rekkja. Gravferdslaget samlast kl. 11 f.m. Då skulle dei få frukost. Når det var unnagjort, so rydda ein til ei samlingsstund kring kista. Då var presten med og heldt andakt, sumtid var det skyldfolk, og pårørande som tala. Der etter skulde ein gjera seg klar til kyrkjeferd. Ein brukte hesten i den tida.

Når alt var ferdig til køyring, gjekk klokkar og ein god sangar føre hesten med kista. Dei køyrde sagte ut or tunet, fylgjet var samla, og medan dei skreid fram, song dei eit salmevers til avskjed, so bar det vidare på kyrkjevegen.

Når dei kom fram til der bygda opna seg, med utsyn bort til Undertun, og innover til Flolid, so stansa fylgjet, song ein salme, liksom helste og tok avskjed der og.

So bar det vidare fram til kyrkja, til det vanlege ritualet. Då dei tok kista av vogna ved oppgangen til kyrkja, og på vegen opp til kyrkja, song gravferdsfylgjet medan dei gjekk oppover.

Når ein so var ferdig i kyrkja, og på grava, skulde fylgjet samlast att til middag og kaffi i heimen. Gravferdene var kring i heimane før.

Skyldfolk som hadde lang veg, måtte koma kvelden før gravferda, og måtte ofte stogge til dagen etterpå. Ei slik gravferd krov mykje ståk og stell, med umtanke av vertsfolket. Alle ville gjerne gjera sitt beste. Grannane hjelpte kvar andre både med innlosjering og arbeid. “

Ho legg til: På tunet ved huset der den døde høyrde til vart det ved gravferda pynta med grønt (finhakka sprake). I eldre tider hadde gravferdsgjestene frå grannelaget med seg mjølk eller fløyte.

Det var vanleg med blomar og kransar på kista, men ikkje i slike mengder som i dag. Kransane var då heimelaga. Det var heller ikkje uvanleg at blomar vart lagde på kista med nokre ord til helsing, både i heimen før kyrkjeferda, og i kyrkja.

Då ho var barn hang flagget på halv stong heile gravferdsdagen. Kva tid det vart skikk å heisa flagget på heil stong etter jordfest­inga, kan ho ikkje hugse. Ho synest å hugse at på Midtun stansa gravferdsfylgjet på Liktua. Det var vel, i tilfelle, tilsvarande det dei på Henriksbø gjorde då dei såg til Undertun, for å ta farvel med resten av bygda.

 

BRYLLAUPSSKIKKAR

Opplysningar om dette har eg fått ved samtalar med folk i bygda. Her vil eg særskilt nemne Olav H.Tveit (på Stølen).

Eit bryllaup var som regel planlagt i god tid. “Dei skal gifte seg til våren”, “til sommaren”, “til hausten”, var kjende utsegn. Bryllaupa vart som regel haldne i heimen til ein av brudeparet og det var mykje arbeid med førebuinga, det skulle slaktast, bryggast og bakast. Det var også mange andre ting som skulle ordnast. Om det var vedlikehaldsarbeid som likevel snart måtte gjerast, som t.d. legging av nytt golv, ny kledning, måling eller liknande, vart dette også gjerne gjort til bryllaupet. Enkelte måtte gjerne dra på tømmerskogen og på sagbruk for å skaffa seg materialar. Hadde dei ikkje flaggstong, vart ofte slike ting også ordna til eit bryllaup. “Flaggstonga kom det året han Per gifta seg”, mintest folk.

Dei trulova sjølve “stelte seg også i stand”, som folk sa, d.v.s. at dei førebudde seg til ekteskap, til å stifte eige bu. Det var mykje og mangt som skulle til både av sydde-, strikka- og vevde plagg, og av andre hjelperåder i huset. Som oftast snikra dei mykje av inventaret heime. Bedinga til bryllaupet vart gjort ved at brudeparet, eller ein av foreldra, gjekk frå hus til hus og bad gjestene “eigenhendig”. Gjester som budde utanfor bygda vart bedne med vanlege brev. Det var viktig at ingen vart gløymde, korkje frå slekta eller naboane. Beinga av naboane fylgde stort sett bedarlaga, men ved bryllaup vart det gjerne bedne andre i tillegg, t.d. folk ein hadde mykje omgang med. Skikkane i bedarlaga tilsa kor mange som skulle bedast frå kvart hus. Dersom det ikkje høvde for “sjølvefolket” på eit hus å koma, kom andre, t.d. vaksne born. Det var mest vaksne i bryllaupa, av ungar var oftast berre dei som høyrde til i bryllaupsgarden og nærmaste familie.

Det var vanleg at dei tilreisande kom dagen før bryllaupsfesten. All innhysing var hos private, dei som ikkje fekk plass i bryllaupsgarden, fekk husrom hos naboane, all tenleg liggeplass vart teken i bruk.

Bryllaupsdagen starta med frukost for alle tilreisande. Brura vart pynta av kvinner som hadde erfaring med slikt. Det mest vanlege frå gamalt var kronebrurer, men etter kvart vart det vel så vanleg med “kvit brur” som dei sa, det vil seia at brura bar slør. Særleg i tida etter krigen 1940-45 tok sløret meir og meir over, men det var enkelte som heldt på tradisjonen med krone. Då det vart nokso tungt for brura å gå med kruna heile dagen, vart det ofte til at ho tok den av når det lei på.

Etter kvart som gjestene samla seg fekk dei noko å “bita i”, og å drikka, men dei var varsame med ølet før vigsla. Til kyrkje gjekk brudefylgjet med spelemenn i spissen og brudeparet fremst i prosesjonen. Skikken med at foreldre fylgde, “leidde”, brur og brudgom til altaret var ikkje vanleg her, men det hende. Brudeparet gjekk arm i arm over kyrkjegolvet til brudemarsj frå kyrkjeorgelet. Det vanlege var at brudevigsla  føregjekk i 2-3-tida på laurdag ettermiddag, somme tider også tidlegare på dag. Etter vigsla gjekk prosesjonen tilbake til bryllaupsgarden, der kokkene og deira hjelparar venta med middagen. På vegen heim frå kyrkja vart det skote 3 skot. Heime var det no kjøkemeisteren som tok i mot og helsa gjestene velkomen til bryllaupsfesten. Han hadde oppgåva med å få folk til å finna seg til rette og trivast. Av og til vart brudefolk og gjester mottekne med hurrarop.

Det var viktig at kjøkemeisteren var flink til å syngja slik at han fekk songane til å gå lett og greitt. Det var, i tidlegare tider, ikkje vanleg med trykte bryllaupssongar. Dei brukte vanlege songar som folk kunne, både ved middags- og kaffibordet. Hovudretten ved middagen var ein kjøtrett, ofte sosekjøt, og så var det dessert, gjerne ein fruktkompott. Middagsmåltidet varde omlag eit par timar. Tida varierte gjerne noko frå bryllaup til bryllaup, avhengig av om det var mange som heldt tale. Kjøkemeiste­ren heldt folk “i ånde” med vitsar av ymse slag, og han fekk gjerne gjestene frampå med talar, men dette vart ulikt frå lag til lag alt etter korleis festlyden var samansett. Enkelte hadde lett for å ta ordet, andre ikkje. Det var gjerne slik at fedrane til brur og brudgom tala ved middagen, og kanskje ein av syskena til kvar av brureparet, medan andre kanskje venta til kaffibord­seta, då var stemninga gjerne blitt litt “lausare”.

Mellom middags- og kaffimåltidet gjekk tida med “snakk og godt selskap”, folk likte å strekkja på seg og gå litt omkring. Var det fint ver heldt dei seg gjerne ute, rusla rundt, prata og skøya. Brureparet gjekk rundt og spanderte dram og vin på gjestene, og i kjellaren var skjenkemeisteren i sving med ølskjenking. Det vart servert drikke både med og utan alkohol. På brudeverelset fekk ein bruredram og vin (med og utan alkohol). Der var gåvene utstilte. Gåvene kunne vera, då som no, pengar eller ting. Gåvesjekkar kom ikkje i bruk her før mange år etter siste verdskrigen. I åra omkring 1930 kunne pengegåvene variere frå ca. 20 kroner til heilt opp i 30 kroner. Ser ein på inntektene folk hadde den tida ville til dømes 25 kroner tilsvare omlag 3 dagløner for ein vanleg lønsmottakar.

Til kaffien var det heimebakte kaker av mange slag, mykje gjærbakst, og lefser av ymse sortar, også kling. I eldre tider var det ikkje så mykje blautkaker. Dette kan ha med det å gjera at det, på tross av gode, svale kjellarar, ikkje var så lett å lagre desse kakene over noko tid. Bryllaupa var helst på sommartid og kjøle- og fryseskåp fanst ikkje.

Under kaffien kunne det og, som nemnt, vera bordtalar. Det var no gjerne meir “frigjorde” talarar som tok ordet og talane kunne vera av “lettare” slag, var ofte morosame og skapte god feststem­ning. Etter kaffibordseta vart det rydda til dans. På gardane hadde dei ofte ordna til med dansegolv i løa. Bryllaupa vart titt haldne mellom vår- og slåttonna, og då var løa tom og dyra i marka på beite. Høybrotet vart ofte nytta til danseflake.

Ut på natta, i eitt-to-tida kom nattmaten, rømmegraut med spekemat. Før grauten vart det igjen skote 3 skot. Dansen heldt, etter nattmaten, fram til om morgonen.

Det vart ofte funne på ein del moro under bryllaupsfesten. Til dømes var det vanleg at einkvan prøvde å “stela” grauten. Steling av skeier var også vanleg sport. Kokkene måtte passa godt på. Det “stolne” kom til rette att etterpå. Også andre “fante­stykker” kunne verta påfunne. Det hende og at folk kledde seg ut og skapte moro på den måten, gjerne då med song og/eller histori­eforteljing.  Det var heller ikkje uvanleg at ungdomar reiste på “skot­ring” til bryllaup. Dei kom då, ut på natta, ubedne til bryllaupet, gjerne utkledde, og skapte mykje moro i laget. Dei vart godt mottekne med mat og drikke.

Av og til kunne dei ymse påfunna kanskje verta litt i grovaste laget, men som regel gjekk alt heilt fint, utan at nokon følte seg krenka, og det skapte i alle fall liv, røre og stemning i laget.

For dei tilreisande gjestene var det, som nemnt, ordna med sengeplass. Det vart til vanleg også laga til “Slunkebol” (det er flatsenger med halm i), t.d. på loftet og der låg gjerne ungdom­ane. Enkelte fann på pretter med dei som hadde lagt seg, gøymde t.d. sko eller kler. Mange la seg ikkje i det heile, dei vakte rundt til neste dag då dei tilreisande samla seg i bryllaupsgar­den til mat. Dei av gjestene frå bygda, som ville, kom og, og det vart oftast ein svingom også denne dagen. Mat og drikke var det rikeleg av. Det var ikkje alltid det høvde for dei tilreisande å koma av garde, så dei vart gjerne over til neste dag igjen, alt etter korleis det høvde med reisemåten.

Etter at ungdomshuset kom, vart det mykje brukt at vertsfolket leigde rom der til bryllaupsfesten.

Ikkje alle bryllaup var like store, men det var ikkje uvanleg med opp mot, ja også over, 100 gjestar. Det vart gjerne til at bryllaupet til den eldste av borna, eller han/ho som vart buande på garden, vart det “drustelegaste”.

Å feira bryllaup kunne vera både slitsamt og kostesamt, men det var eit fint høve for slekta, naboar og vener å samlast på. Nye kjennskap vart stifta, noko som kanskje igjen førde til nye bryllaupsfestar. Mange gode minner var nok knytt til desse hyggelege festsamkomene.

I Historielaget for Sogn sitt tidsskrift nr. 19, 1958, skriv Odd Nordland interessant om eit bryllaup i “Dalhs Evindvig”. Utgangspunkt for artikkelen er ei vise frå bryllaupet. Brura hadde krone, brudeparet rei til og frå kyrkja, og på heimveg vart hesten skremd av salutten slik at brura fall av. Kva gard bryllaupet stod på går ikkje fram, men garden må ha lege slik til at det var naturleg for brudeparet å ri til kyrkje.

Forfattaren av visa var gjest i bryllaupet, men namnet er ikkje kjent. Truleg var han ein ven eller slektning av klokkarparet her, Furnæs, som budde i Fonnevika. Kva tid bryllaupet stod er heller ikkje kjent, det var truleg i 1840-åra.

Visa og artikkelen er svært interessante, men det vert altfor mykje å sitera her.

 

FØDSLAR OG DÅP

Fødslane skjedde heime. Då måtte dei, ofte i stor hast, hente jordmora, som i min barndom budde på Dalsøyra. Det knytte seg stor spenning og forventning til fødslane, sjølvsagt fyrst og fremst hos den fødande sjølv, men også alle andre på garden vart prega av det som skulle skje.

Det var viktig at alt var godt førebudd med bleiar, handdukar, barnetøy m.m. Slikt hadde den fødande, husmora,  sjølv ordna med. Ho hadde også sytt for at det var rikeleg med lettvindt mat i spiskammerset. Under sjølve fødselen måtte det vera  godt oppvarma i huset og det var viktig med god tilgang på varmt vatn.

Det var nok mang ein nervøs ventande far som trippa omkring, mata omnane med ved, tvinna hendene, lydde ved døra til romet der fødselen føregjekk, og så endeleg kunne pusta ut når ei blid jordmor opna døra og fortalde at no var alt vel over. Ei utmatta, men lukkeleg, mor låg smilande med eit nyfødt barn i armane, og spede barneskrik spreidde glede i huset, ein gladlynt og lett tone breidde seg over alle.

Det går ei historie frå ein fødsel, eg trur ikkje ho er sann, men ho lyder slik:

Det hadde vore ein litt hard fødsel. Rett etter at barnet var kome til verda gav jordmora ungen ein liten klaps i bakenden (det gjorde dei gjerne for å få andedraget i gang). Ein gut som såg dette sa: “Å gje han ein til, kva i all verda hadde han der inne å gjera.”

Denne historia må eventuelt vera av nyare dato, i eldre tider var det vanleg at berre jordmora og hjelparane var med under fødslane.

I tida etter fødselen kom nabokonene på “barselvisitt”. Dei hadde med seg “sengemat”, det var oftast rømmegraut (med mykje feitt på) som dei bar i ambarar eller skåler. Dette at dei kom med mat var ein gamal skikk som hadde si rot i at det var viktig for den som hadde født å få nok og god næring for å kunne skaffa rikeleg med morsmjølk til barnet, og for å koma seg fort til “hektene” att etter svangerskapet og fødselen.

Seinare vart det meir vanleg å ha med gåver til barnet, helst klede av ymse slag.

Tre-fire månader etter fødselen var det vanleg å bera barnet til dåpen. Barnedåp var ei stor høgtid. I familiane hadde dei gjerne ein dåpskjole, og dåpshue, som gjekk i arv, det vart ein familie­tradisjon å nytta dei. Desse kjolane og huene var fint utførde, gjerne med blonder og stas, og dei var, so vidt eg kan hugse, mest alltid kvite.  Det var, som regel, 5 fadrar, ei gudmor (ho som bar barnet til dåpen), ei kvinne som hjelpte til med å ta av og på dåpshua, og 3 menn. Desse 5 tok på seg dåpsansvaret som presten minna dei om under dåpshandlinga. Dåpen vart mest alltid føreteken under ei gudsteneste, men det hende og at det vart halde dåp på yrkedagar. Det hende også, om det hasta med å få gjeve barnet namn, t.d. om barnet var svakt og det kunne vera tvil om det kom til å leva opp, at det vart føreteke heimedåp.

Etter gudstenesta der dåpshandlinga gjekk føre seg, samlast dåpsgjestene i heimen til hyggeleg samvær med middags- og kaffi­bordseter. Det var helst fadrane og den nærmaste slekta som var gjester. Dåpsbarnet fekk gåver på dåpsdagen, det kunne vera ting dei seinare i livet ville ha bruk for i det daglege, jentene fekk også ofte prydnadsting. I eldre tider var det vanleg at folk bryggja øl til barnedåp, som til dei andre familiehøgtidene, ja også til gravferder. Me kjenner orda “barsøl” og “gravøl” som viser at det vart brukt øl i slike høve. Eg kan ikkje hugse at det vart servert øl i gravferder, den skikken var nok borte for lengst, men i barnedåp var det gjerne øl til dei som ynskte det, då gjerne “kjøpeøl”. Her på våre kantar kom kjøpeølet frå Hansa Bryggeri i Bergen.

Ein gamal skikk var “innsetjing” i kyrkja etter fødsel og barnedåp. Anna Nyhammer hugsa denne skikken: Ved gudstenesta der innsetjinga skjedde, tala presten til konene som hadde født og bore barn til dåpen, og leidde dei, ei for ei, inn i kyrkja under salmesong. Salmen som vart brukt heitte noko med “Mødres kirkegang”.

 

KONFIRMASJON

Konfirmasjon i Gulen kyrkje. Foto: Ukjent.

Etter ferdig folkeskule vart borna konfirmerte 14 år gamle. Dei som ikkje hadde fylt 14 år på konfirmasjonsdagen måtte søkja kongen om løyve til å få stå fram som konfirmant, eller så måtte dei vente eit år til. Konfirmasjonen var som regel i slutten av august, eller i september. Sommaren igjennom samlast konfirman­tane frå heile soknet i kyrkja til undervisning, i mi tid var dette kvar mandag. Dette vart, i daglegtale, kalla “å gå i prestegarden”, eller “å gå for presten”. I tillegg til den boklege lærdom, fekk me i denne tida også læra kvar andre å kjenne.

Konfirmasjonssundagen kunne vera ein strid dag, både overhøyringa og konfirmasjonsseremonien føregjekk denne dagen. Under overhøyr­inga stod konfirmantane i to rekker langs midtgangen i kyrkja, og presten gjekk mellom rekkene og stilte sine spørsmål i det stoffet me hadde lært gjennom sommaren. Han gjekk gjerne to gonger opp og ned, så det kunne verta hardt å stå så lenge, særleg om det var varmt.

Tidlegare var det slik at dei som ikkje kunne svare for seg, ikkje “slapp fram for presten”. Alle skulle ha eit minimum av bibelsk kunnskap, og det hende at dei måtte koma att fleire år framover før dei vart konfirmerte. Men dette må vera lenge sidan.

I eldre tider var det også slik at konfirmantane vart plasserte på kyrkjegolvet etter kunnskap, den flinkaste stod fremst. Då hende det, etter det som er sagt, at enkelte bønder gjerne gav presten ein feit bukk, kalv, eller anna for at sonen skulle få fyrsteplassen på kyrkjegolvet konfirmasjonssundagen. Eg har høyrt om folk som følte seg urettvist handsama og feilplasserte, av slike grunnar.

Etter konfirmasjonsgudstenesta vart det etter kvart vanleg med fotografering på kyrkjetrappa av konfirmantane saman med presten, før folk reiste heim att til laga rundt om i konfirmantheimane. Desse laga kunne vel vera litt ulike, men her var det vanleg med god kjøtmiddag og seinare kaffimat med kaker av “alle slag”.

Det var vanleg at konfirmantane utveksla helsingar med det som vart kalla “konfirmasjonskort”. Desse korta var doble, hadde bilete, helst med bibelsk motiv, og, inni kortet, var det trykt eit salmevers. Minst ei side hadde plass for personlege helsingar. Somme tider var helsingane skrivne på rim, slik helsingane til bryllaup også gjerne var. Det var også vanleg at slekt og vener gav konfirmantane slike kort, eller sende helsingar i form av festtelegram. Gjestene og dei nærmaste gav konfirmantane gåver, det kunne vera bruksting, prydnadsting eller pengar. Seinare vart gåvesjekkar mykje brukt ved konfirmasjon, som ved mange andre høve.

Det var vanleg at gutar fekk ny dress, ofte den fyrste, til konfirmasjonen, jentene hadde fine kjolar. Skikken med konfir­mantkappar kom ikkje her før i 1962. Ei tid var det ikkje uvanleg at gutane fekk klokke til konfirmasjonen, “masjonsklokke” vart det gjerne kalla. Det var lommeur i den tida. Buksene hadde, i linningen, ei eiga lita lomme for klokka, og klokkekjeda hang gjerne i ein liten boge ned frå beltet. Gjekk ein med vest vart gjerne ei av vestlommene nytta til klokkelomme, og då låg gjerne klokke­kjeda i ein stor boge over vesten, frå eine lomma til den andre.

Som ein del av konfirmasjonsseremonien samlast konfirmantane og dei nærmaste, helst foreldra, og elles folk som ville, i kyrkja også mandag etter konfirmasjonssundagen. Då gjekk konfirmantane, og elles alle som ynskte det, til alters og fekk sakrament. Også denne dagen var det god mat og litt stas i konfirmantheimane. Mange tilreisande gjester var gjerne igjen og var med også denne dagen.

 

ANDRE SKIKKAR

Ein skikk som dei fleste enno hugsar, men som no er avlagd, var dette med å “daura” kyrne ute, som før nemnt. Det var vanleg også i mi barndomstid. Det såg faktisk ut som at buskapane skjøna at når røyken frå daurebålet breidde seg var det eit teikn på at no skulle dei vera ute resten av sommaren.

Det var alltid ei ku i kvar buskap som hadde bjølle. Det var gjerne den rolegaste og “klokaste” kua som fekk bjølla om halsen og eg trur faktisk at kyrne følte dette med å få bera bjølla som ei ære. Ho som var vald ut til bjølleku fekk som regel ha det “vervet” så lenge ho var i buskapen. Det tyktest tydeleg å sjå at dersom bjølla vart bytt over til ei anna ku føltest det som ei vanære for ho som miste bjølla.

Skikken med å brenna jonsokbål var årviss, og er det enno. I gamal tid brende dei jonsokbål på Lifjellet ovanfor Midtun, men det eg hugsar var Vardehaugen i Neset den faste bålplass i mange år. Til jonsok vart det sett opp “rømmask”, og etter bålet på Vardehaugen var folket i ungdomshuset til "rømmask" med sukker på og flatbrød til, og etterpå ein liten svingom. Det var mykje arbeid med å dra saman til jonsokbål, ein jobb som borna tok aktivt del i. Mangt og mykje vart samla saman, helst gamalt skrot som folk ville kvitta seg med, og me bar, eller drog det til rette på handvogner. Det hende at ungdomane brukte hest og vogn og, særleg om det var større ting, som t.d. gamle robåtar, som skulle på bålet. Me var heldige om me fekk ein slik gamal båt, godt innsett med tjøre, han fekk bålet til å vara lenge. Også på olsokaftan vart det stundom brent bål, men det var sjeldnare, og då helst mindre bål.

Til jul var det vanleg å hengja ut julenek til småfuglane. Ein av dei finaste fuglane i desse kornbanda syntest eg var gulsporven. Gulsporv var det mykje av i min oppvekst. No er han veldig sjeldan å sjå her. Ein annan småfugl som eg saknar er åkerriksa. Hennar “knirkande” song langs åkerreinene om sommarkveldane er ikkje lenger å høyre. Ein fugl som ikkje var her for 50 år sidan, er vipa. Ho er det mykje av no.

På julaftan fekk husdyra gjerne ein ekstra godbit og nokre ekstra strok med kosten. Julefeiringa var den største høgtida i året. Det var eit svare strev med reingjering, matlaging og alle slags førebuingar i god tid. Borna syntest ventetida vart lang, dei talde dagane til julaftan, spenningsfylte såg dei fram til høgtida og julepakkane. Mellom jul og nyttår var det mange som kledde seg ut og gjekk “julebukk”. Ei forklaring på denne skikken har eg høyrt er at det er ein leivning frå eldgamle tider, då dei fattige, i denne helga tida på året, fekk høve til å gå tiggar­gang mellom husa for å skaffa seg litt ekstra til føda.

Julaftan var fylt av feststemning med pynta tre og “lys i kvar ei krå”. På juletreet hadde me, før elektrisiteten kom, små levande lys som stod i lysestakar med klemmer på, festa til greinene på treet.

Før kyrkjeklokkene kima helga inn (kl. 17-18) var dei som hadde nokon av sine der, på kyrkjegarden og pynta gravene. Det var ikkje vanleg med gudsteneste på julaftan den gongen, men 1. juledag var den store høgtidsdag då “alle” gjekk til kyrkje.

Korleis folk feira julaftan kunne veksla frå hus til hus. Det vanlege var at familiane samlast heime kvar for seg. Bestefor­eldre, og dei nærmaste som ikkje hadde eigen familie, høyrde med.  I middagstida var det helst eit enkelt måltid, gjerne graut. Julemiddagen var oftast etter at stellet av dyra var ferdig om kvelden. Mange starta høgtida med å lese juleevangeliet. Seinare var det kaffibordsete med alle slags gode kaker. I dei fleste hus var det ein overdådig julebakst og mykje anna “knask” som t.d. nøter og frukt av ymse sortar. Høgdepunktet for borna var nok pakkeopninga. Somme fekk i det høve vitjing av julenissen.

Dei aller fleste samla seg også til gang rundt juletreet og det var mykje song. Dette med at folk sytte for songen og musikken sjølve ved dei ymse høve, har det nok vorte mindre av etter kvart som radio, og seinare fjernsyn og video, vart vanleg i heimane. Til jul kom det ut mykje bøker og anna lesestoff. Julehefta, både for vaksne og born, var utbreidd lesnad mellom folk. I tida etter jul var det tidlegare vanleg å be saman til julegjestebod.

Andre juledags kveld var det ei tid fast med julefest i ungdomslaget. På denne festen heldt gjerne presten andakt, ungdomslagsbladet kom ut, det var gjerne opplesingar og ymse anna program, oftast skodespel, og så var det gang rundt juletreet og mykje song og musikk. Etter at det kom orgel i ungdomshuset spela læraren til songane. Kaffi og mat var, naturlegvis, eit fast innslag.

I “Fremad” har eg lese at det var ein gamal skikk at dei skaut det gamle året ut. Dette skjedde etter at det var blitt skymt på nyttårskvelden, men før kyrkjeklokkene ringde helga inn.

Også i eldre tider var det vanleg med midnattsgudsteneste på nyttårsaftan. Nyttårsaftan var også ein festdag rundt i heimane. Det fanst fyrverkeri, men ikkje i så store mengder som i dag. Borna laga snølykter, små tårn av snøballar, som dei sette lys i. Dei lyste fint i hagane, ikkje berre nyttårsaftan, men også elles når me fann hugnad i å laga dei. Etter at hotellet (vertshuset) kom vart det til at mange feira nyttårskvelden der.

Nyttårsdag var det gudsteneste. På ettermiddagen vart borna sin julefest tilskipa. Som tidlegare fortalt var det på denne festen mykje program av ymse slag, framført av borna sjølve, innøvd gjennom lengre tid saman med læraren. Desse festane var svært populære, slik barnefestane er også i dag.

Det vart, i juletida, også gjerne arrangert ein dansefest.Festane ved juletider vart gjerne eit “treff” mellom bygdefolket og utflyttarar som kom heim til jul.

Ein annan fest som også var årviss, var morsfesten på morsdag. Der stod mor i fokus, ho gjekk gratis på festen, og programmet var for ein stor del lagt opp til hennar ære.

Det var oftast ein dansefest i påskehelga, og så var det sjølv­sagt 17.maifest. Haustfesten var også årviss. Under krigen (40-45) var det forbode å feira 17. mai, men i 1942 vart dagen feira i Midtundalen. Me gjekk i tog under flagget og ungdomslaget si fane frå ungdomshuset, innover stien heilt til Ole-selet. Mykje folk var med og stien var smal så det vart eit nokså langt tog. Under toget vart det saluttert som vanleg er 17. mai. På vegen innover for det eit tysk fly over dalen. For at me ikkje skulle verta oppdaga stogga toget til flyet var borte. På selbøen var det ymse program. Sokneprest Vatne hadde ei kort preike. Eg meinar også at gamlelensmannen, Bredvik, heldt ein liten tale. Der var mykje allsong, songdans på vollen framfor seldøra og leikar av ymse slag, lengde- og tresteghopp på bakken ved selet og terrengløp frå Ole-selet, rundt Jakob-selet og tilbake. Inne i selet vart det kokt rømmegraut som, med saft til vart seld for 50 øre tallerken. Ein av dei som bar inn rømmen seier at det gjekk med 25 liter rømme. Eg hugsar at det vart halde ein utlodning og at ein av vinstane var gratis tanntrekk hos distriktslækjaren, her var ikkje tannlækjar den gongen, og ein annan vinst var gratis tur til Bergen med m/k “Sognnes”.

Det vart teke fleire bilete frå samlinga. Biletet som er gjeve att i dette heftet (under avsnittet om minner frå krigen) er truleg teke av lærar Hansen. Han var eldsjela også ved denne tilstellinga. Sjølv om ikkje heilt alle deltakarane er med på biletet, syner det at mykje folk var samla. Eg trur mest alle som kunne møtte opp på denne spesielle og fine dagen, truleg den største folkesamling som har vore i Midtundalen.

Alternativ feiring av 17. mai ved "Ole-selet" i Midtundalen i 1942. Tilsvarande bilete finst på Fylkesarkivet med namn på deltakarane, SFFf-1994274.0004. Foto: Kristian Hanssen.

Skikken med strøing og bjølling for kjærastepar var minst like vanleg før som no. Ein gong ein friar var på vitjing til ei jente på eit av bruka på Midtun, drog ungdomar i bygda båten hans opp over myrane, heilt opp i “Ospene” og “fortøygde” han der. Korleis karen fekk båten ut att på sjøen veit eg ikkje, men han måtte i alle fall ha hjelp.

Ein god gamal skikk i bygda var at folk hjelpte kvar andre med dugnad når det trongst. Vart ein huslyd råka av uhell, sjukdom, eller dødsfall, fekk dei hjelp til arbeidet på garden (våronn, slåttonn, haustonn) av dugnadsgjengar. Det var også vanleg med dugnad når storarbeid skulle utførast, til dømes ved husbygging, store reparasjonar og anna. Ein fin skikk som det enno er litt liv i.

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.