NÆRINGSLIVET

 

Gardsdrift er frå gamalt den viktigaste næringsvegen her.  I Fonnevika var det skysstasjon og der var landhandel frå omlag midt i 1850-åra. Landhandelen omsette også vin og øl. Her kom og, som nemnt, den fyrste dampskipsekspedisjonen i grenda, då Fylkesbaatane starta si verksemd. I ein 10-12 år vart der også drive margarinfabrikk, starta av Fredrik Larsen. Namnet på fabrikken skal ha vore “Stjernen”, han vart seinare flytt til Bergen. Ei tid ordna handelsmennene i Fonnevika med posten for Eivindvik postopneri. I Fonnevika var det også eit lite fargeri. Det var ein Nedrål som eigde det og det vart kjøpt av Peder Rasmussen Sandal som starta noko som heitte “pakkfargefabrikk”. I 1892 flytte han over på fastlandet og starta handelen som no er P.R. Sandal A/S.

Smed, Søren Larsen, hadde også verksemda si i Fonnevik før han flytte over på fastlandet. Den faste skulen som Dahl dreiv i Fonnevika vart flytt til Undertun då skulehuset kom der i 1835. Fonnevik har vore brukt som stad for rettsmøter (ting). Ein statistikk viser at det i 1875 budde 25 menneske i Fonnevika.

Staden har og vorte kalla Svinevik. Det namnet kom visst nok av at prestane hadde grisar på “beite” der i eldre tider. Fonnevik var i lang tid bustad for klokkarar og kapellanar.

Aust for Magnar Sognnes sitt bruk, viser, nede ved stranda, eit “hol” inn i fjellet. Der har det vore gjort freistnad med gruvedrift etter kopar. Staden vert enno kalla “Kopargruva”.

I Fonnevika har det også vore drive bakeri. Lars Nygård fortel at faren, Johannes Nygård, var bakar der.

Ivar Kleiva har i bygdeboka teke med ein god del om Fonnevika, folket og verksemder som var der.

I Fonna budde den kjende byggmeistaren Anders Korsvold. Han bygde mellom mykje anna Kvikne Hotell i Balestrand, Mundal Hotell i Fjærland og Maristova på fjellet opp for Lærdal. Han vart kalla “kyrkjebyggaren”, og var meistar for m.a. Mjømna kyrkje og den engelske kyrkja i Balestrand. Det var også han som bygde det gamle presthuset her i Eivindvik i 1902. Sonen, Ola Korsvold, vart målarmeister. Det var han som hadde målararbeidet ved oppussinga av kyrkja i 1938.

I slutten av 1800-åra, truleg i 1870-80, dreiv Jon Sundal, på Midtun, gnr. 20, bnr. 3, ei stampemylne ved elva på Indrebøen. Murane av stampehuset stod til for få år sidan. Sundalskaia har namnet sitt etter “Sundalen”, han hadde bua si der som kaia ligg.

Kahrsbua var ei anna kjend sjøbu. Ho stod der som “Nyebrua” går over til Undertun. På døra der var det vanleg å setja oppslag om møter og festar, og andre ting som skulle kunngjerast. Ho hadde namn etter “Kahrsen” som budde på Gryta, bnr. 3.

Ei tid var her tre skreddarar i bygda. Olav Nese frå Arnafjord, kom her til i 1910, kjøpte gnr. 21, bnr. 4, og dreiv skreddar­verkstad i andre høgda i huset heilt fram til etter krigen 40-45. Han døydde i 1947. Han dreiv også med hårklipping, ja, så vanleg var det å gå til skreddaren for å klippa seg, at ei lita skulejente som fortalde om Harald Hårfagre, sa at når han så endeleg hadde fått samla Noreg til eitt rike, “gjekk han til skreddaren og klipte seg.”

Eilev Buene, frå Frønningen, kom til Eivindvik i 1929. Han og dreiv som skreddar og budde her på ymse stader (eg veit han budde på Indre Midtun, bnr. 1, og på Undertun, bnr. 1). Han døydde i 1960-åra.

Jørna Midthun, i Prestneset, var utdanna skreddar. Ho dreiv ein del med syarbeid, m.a. sydde ho mange dressar til menn. Ho var fødd i Fusa og gift med Nicolay Midthun. Nicolay var, som tidlegare nemnt, ein særs flink borsmed og var mykje ute på anleggsarbeid, men hjelpte også mange med ymse smedarbeid i smia han hadde på småbruket sitt. Huset til Jørna og Nicolay er svært gamalt. Det skal ha vore flytta her til som paktarbustad på den såkalla “Småpakta” på prestegarden truleg for ca. 170-180 år sidan. Dette huset, på berre ca. 8 x 6 m, i 1 ½ etasje, vart ofte nytta som “herbyrje” for overnattingsgjestar.  I tillegg til eigen familie kunne det ofte vera 8 - 10 personar i overnatting.  Storparten av gjestene var folk som deltok på offentlege møter, møta varde den gongen ofte i dagevis, likningsnemnda sine møter i vekesvis,  men også kyrkjesøkjande, til dømes ved konfirmasjonar som då gjekk over to dagar, og pasientar som lækjaren ville ha oppsyn med ei tid, fekk rom i huset. Alle overnattingsgjestane hadde full pensjon. Jørna var mykje åleine om å styra huset og småbruket og med  mange gjestar i huset, og i kosten, i tillegg til stellet av ungar, og dyra på bruket, hadde ho nok hendene fulle, men fekk likevel tid til syarbeidet. Snakk om arbeidslyst og om hjarterom og husrom !

I 1927 starta Ola Midthun handel på “Stranda”, ned for Haugane, mot Midtunvågen. I 1974 vart handelen, saman med eigedomen Ola og kona Helga, bygde opp der, seld til Irma og Svein Høyland som flytte hit frå Ikjefjord. Etter at dei båe hadde fått seg anna arbeid i bygda, slutta dei med handelen og leigde butikklokala ut til andre, men frå årsskiftet 1990-91 har det ikkje vore handels­verksemd der. Ved sjøen var det sett opp kai med eit vareskur, og Fylkesbaatane hadde i mange år stoggestad der for varelevering til handelen. I rutehefta er stoggestaden kalla “Midtunvåg”. Handelen der vart i daglegtalen kalla “Småmagasinet”. Dette namnet kom sikkert av at handelen vart starta i ei lita bu.

Toralf Sande var smedmeister og dreiv mek. verkstad i Eivindvik, på feste nr. 9, frå 1929 til 1956. Han var ein dyktig fagmann til stor nytte for både bønder, fiskarar og andre som trong til hans hjelp. Han var også flink våpensmed.

Ragnhild og Jørgen Midtun sette i 1938, på garden sin, gnr. 20, bnr. 1, opp ein sjukeheim for sinnslidande. Denne heimen hadde plass for 12-13 pasientar og vart driven i ca. 25 år.

Eivindvik Slipp og Mek. verkstad. Foto: Ukjent.

 Eivindvik Slipp og Mek. Verkstad kom i 1954. Det var Lars Nygård som starta opp og etter kort tid kom sonen, Johannes Nygård, heim og overtok drifta. Han arbeidde tidlegare som mekanikar på Jørpeland på Jæren. I mange år dreiv dei vanleg reperasjonsverk­stad for båtar, men gjekk seinare over til å byggja kaiar som i dag er hovudverksemda. Dei har blitt spesialistar på slikt arbeid og har hatt mange, både store og mindre, oppdrag over heile Vestlandet. I 1992 hadde dei ein del restaurasjonsarbeid på veteranbåten “Stavenes”, ein av dei  gamle rutebåtane til Fylkesbaatane. “Stavenes” er, av eit interessentskap, heimkjøpt frå England for å setjast i stand slik han var i den tid han gjekk i rute her.

I Huset oppe i “garden” på Haugane budde Ole Ellingsen som dreiv med skoreparasjonar. Kva tid han kom her og starta som skomakar veit eg ikkje. Han døydde i 1945.

Butikken på Haugane. Foto: Ukjent.

Karen Midtun (gnr. 19, bnr. 2) og Georg Guttormsen (frå Torvund), som gifte seg i 1912, festa tomt på Haugane, bygde hus der og dreiv landhandel i kjellaren fram til 1925. Då flytte dei herfrå. Huset vart selt, rive og sett opp att i Virkesdal.

Guttorm Arnesen slo seg ned i Eivindvik og starta skomakarverk­stad i 1935-36. Han dreiv fyrst ei kort tid på garden der kona Helga var frå, (Henriksbø, gnr. 21, bnr. 1), men bygde hus på feste nr. 11 på prestegarden og hadde verkstaden i kjellaren der. Han dreiv verkstaden til fram i 1970-åra, då han måtte slutte av helsegrunnar.

I kjellaren i huset på gnr. 15, bnr. 22, starta Ivar Mongstad og Halvor Vatne med nikkarverkstad rett etter krigen (1940-45). Av helsegrunnar trakte Vatne seg frå verksemda og i 1947 kjøpte Mongstad gnr. 15, bnr. 23, sette opp ny fabrikkbygning der og dreiv vidare Eivindvik Snikkarverkstad i mange år (eg trur i ca. 20 år). Produksjonen var for det meste  vindauge og dørar.

Verksemda “Wevling og Opdal”, Erling Wevling og Martin Opdal, starta i kjellaren hos Wevling, gnr. 22, bnr. 5, i 1949. Det var og ein snikkarverkstad, dei produserte glas, dørar og trapper. I 1958 løyste dei opp samarbeidet, Wevling heldt fram i sin kjellar, og Opdal starta firmaet “M. Opdal” i sitt eige hus, gnr. 22, bnr.8. Seinare, i 1960-åra, kjøpte han tomt på gnr. 22, bnr. 3 og bygde ny verkstad der. Opdal var sers dugande trappesnikkar. Etter Wevling er det mange heimar som har mange fine handarbeids­ting som små ambarar, tiner, brikker og mykje meir.

Ein som også har skapt mykje fint, er distriktslækjar Tom Bache-Wiig. Han kom her til i slutten av 1969. Som nemnt andre stader i heftet, gjorde han ein stor innsats for sjuketransporten og lokalrutetrafikken i kommunen. Han er aktiv også på mange andre område, m.a. er han ein dyktig grafikar og kunstmålar som har hatt utstillingar både innanlands og utanlands. Han starta musikkbandet “Epidemic” og var aktiv musikar i mange år. Ved sida av alt dette får han også tid til å konstruera og produsera ymse typar knivar. Han lagar alt på knivane sjølv, og salet går glatt både her i landet og i fleire utland.

I 1967 sette bøndene på Midtun opp eit felles sagbruk, som har vore, og framleis er, til stor nytte for dei sjølve, og også for andre i grenda som har bruk for trematerialar i blant.

Ole J. Midtun hadde frå 1947 eit, noko mindre, sagbruk i løa si.

Bernt og Aslaug Stendal kom til Eivindvik og bygde hus her i 1962. Bernt var tilsett ved Eivindvik Slipp og Mek.verkstad. Han er svært hendig og flink med mange ting. I kjellaren i huset sitt innreidde han sin, godt utrusta, private verkstad, der han, også etter at han vart pensjonist og slutta på “Slippen”,  gjorde folk mange gode tenester.

Fyrste drosjeløyvet i Eivindvik fekk Birger Flolid i 1964.

I tillegg til arbeidet på gardane har folk frå gamalt av drive ein del med fiske og hatt noko sesongarbeid under dei store fiskeria, som sildefisket. Etter kvart som vegarbeid, kraftutbyg­ginga, og anna utbygging, tok seg opp var mange også på anleggs­arbeid og bygningsarbeid. Noko gulingane tidleg vart kjende for var sin dugleik som telefonarbeidarar. I Sørfjorden i Hardanger høyrde eg ein gong fortalt at når det var vanskelege linjer som skulle byggast, måtte det gulingar til. Dei aller fleste menn i Gulen hadde tidlegare, i alle fall stundevis, vore på telefonarbeid. Det var svært interessant å høyra på når gamlekarane kom saman og friska opp minna frå tida “på telefonen”.

Omkring 1906-07 ser det ut for at mange her frå reiste til Island på telefonarbeid. I “Fremad” for 13.1.1907 finn eg det fyrste reisebrevet frå Island. Det er underskrive med Hans Mikkelsen. Kven det var, eller om det berre var eit påteke namn, har eg ikkje funne ut av.

Pensjonert telefontilsett, Oddkjell Bosheim, Lærdal, har granska på televerket si verksemd. Han seier at Otto L. Midthun, gnr. 20, bnr. 1,  var mykje inne i planlegginga av utbygginga av telefonnettet både i Nord Noreg og på Island, men eg har ikkje høyrt eller sett nokon stad at Otto sjølv var på Island. Derimot var tre av sønene hans der, og det var ein av dei, Nicolay Midthun, som m.a. stod for bygginga av den fyrste telefonlina på Island. Det var ved Akureyri. For arbeidet sitt på Island fekk han “Den islandske falkorden”. Nicolay vart seinare direktør ved Moss Telefonanlegg. Dette skal vere eit av dei siste private telefonanlegga i landet som vart overteke av Televerket. Nicolay fekk også kongen si fortenestemedalje i gull.

M. Midtun framfor minnestøtta i Gular reist av telefonarbeidarar i frå Gulen. Foto: Ottar Midtun.

I Gaular står ein lang, smal stein nytta som telefonstolpe. Denne vart reist av Otto Midthun og hans mannskap i 1892. Steinen vart retta opp i 1990, og det var ei 100-års minnehøgtid i 1992 ved steinen som har fått påsett ei minneplate. I steinen er uthogd bokstavane O.M., H.U. og visst nok også H.H. Denne steinen vil verta nemnd i Ingemar Nordstrand si bok om postvegen  mellom Bergen og Trondheim som han no samlar stoff til. Nordstrand  seier at Otto Midthun var den fyrste telegrafstyraren i Sogn og Fjordane. Otto var også aktiv i lagsarbeidet i bygda når han var heime, kanskje særleg som songar og i arbeidet med songkor. Han var med på å starta Gulen Sparebank og var også ei kort tid ordførar i kommunen.

Det var også ein del herfrå som reiste til Amerika. Nokre kom attende, men mesteparten vart amerikanarar.

Ein del hadde sjømannsyrket som leveveg, og som nemnt, var det nokre av dei som busette seg her fordi Eivindvik hadde så stor omladningstrafikk, båtane låg ofte her og det var lett å koma  til og frå. Nokre attåtarbeidsplassar vart det også med skyssbåtverk­semd. Av folk som dreiv med eigne, litt større, fraktebåtar hadde me Albert og Jørgen Sognnes med m/k “Sognnes”, m/b “Vatløy”, eigarar Artur Søreide og Harald Nikøy, “Balder I”, eigar Olav Midthun og m/b “Grindheimsvåg” eigd av Ingolf Kyrkjeøy.

I seinare tid har verksemda til Per Vold, som eig og driv fleire mindre passasjerbåtar, skaffa arbeidsplassar. Han driv både med tilfeldig skyssing og i rutefart (bygde- og skulerute for kommunen og lokalrute for FSF).

Eivindvik Hotell, tidlegare Eivindvik Vertshus, kom med sine arbeidsplassar i 1979. Omlag på same tid starta Steinar Jørs sitt røyrleggjarfirma her. Han kjøpte det gamle bankhuset. Banken hadde då fått sitt nybygg i same tunet som vertshuset og Eivindvik sosialsenter oppførde sine bygg. I sosialsenteret sine lokale flytte lækjar-, trygde- og sosialetaten og lensmannskontoret inn.

Avisa “Bygdebladet” kom ut med sitt fyrste nummer 20.6.1985. Redaksjon og trykkeri var i 2. høgda i bankhuset. Utgjevar og redaktør var Oleiv Gjetle, tidlegare sosialsjef i Gulen. Bladet gjekk diverre inn etter kort tid.

Grete og Kjell Solheim dreiv fotografverksemd i ca. 6 år frå 1979. Dei 3 første åra heldt dei også til i 2.høgda i bankhuset (romma der Gulen Rekneskapskontor no er) og vidare, i ca. 3 år, leigde dei lokale i kjellaren hos Irma og Svein Høyland (gnr. 15, bnr. 27). Firmanamnet var G-Foto. Firmaet vart selt til Hans Petter Martiniussen på Byrknesøy som dreiv det veidare nokre år under namnet Gulen Fotosenter.

Marta Sandal dreiv frisørsalong i Eivindvik frå 1958 til 1967 og frå 1981 til 1985. Dei fyrste 5 åra hadde ho salongen i huset til faren, skulesjef Søren Randal (gnr. 15, bnr. 26), så i 4 år i sitt eige bustadhus fram til ho og mannen, Per Sandal, flytte her frå i 1967. Då dei kom tilbake og overtok forretningen P.R.Sandal A/S i 1980, starta ho opp att salongen i 2. høgda i forretningsbygget på kaia (1981) og dreiv fram til 1985.

Den 25.3.1996 starta Borgny Solbakk og Oddny Sognefest firmaet Eivindvik Husflid. Dei leiger lokale i eit av Eivindvik Sosialsenter I/S sine hus. Firmaet sel husflidsvarer og suvenirar. Oddny  har seinare trakt seg ut or firmaet og Borgny driv forretningen vidare åleine.

Den nye vekstnæringa, fiskeoppdrett, hadde stort omfang i Gulen i 1980-åra. Her i Eivindvik starta Olav Bøe med aureoppdrett i sjøen ned for huset sitt. Verksemda vart seinare utvida, gjort om til aksjeselskap med namn Gullaks A/S, og flytt til Stafsneset, der det vart bygd kai og driftsbygning. Anlegget vart i starten av 1990-åra overteke av Eivindvik Fiskeoppdrett, og selt vidare til Firda Havbruk A/S i 1996.

Det vart også freista med oppdrett av torsk, men her viste det  seg at det på den tid vart store vanskar med å få fram yngel til anlegga, så denne oppdrettsgreina har enno ikkje fått noko stort omfang. I Fonna vart det gjort ein freistnad. Kåre Håvåg stod for dette, firmaet heitte Fonna Fisk A/S.

I 30-40 åra kom storsilda jamleg inn til kysten på Vestlandet om vintrane, og mange var då med på fiske og på sildearbeid. Fisket føregjekk mest med landnot. Det var godt fiske også i øyane i Solund og Gulen. Dei som var på sildearbeid drog mykje til Florø, men og til andre stader der det var sildemottak.

Sildeføring var ei viktig sysselsetjing for mange som hadde båtar som høvde til det. Brørne Albert og Jørgen Sognnes (på Fager­bakken i Fonnevika) dreiv slik verksemd med m/k “Sognnes”. Silda måtte håvast opp med hand den gongen, så det var nok mang ei hard økt med å få ho frå nota til båten og frå båten og opp på mottaket. Det kunne gå døgnvis utan at sjauarane (arbeidarane på kaiar og anlegg) fekk skikkeleg søvn. Alle stod på i den hektiske “sildesjauen”.

I starten av “sildetida” om vinteren kom båtar inn til d/s-kaia her med fersk sild. Folk brukte mykje sild, ho vart salta i tunner til spekesild, røykt, turka, lettsalta og turka (nubbesild), kokt eller steikt fersk, laga til sildekaker - alt var god mat. Då fyrste sildebåten kom kjende ein lukta av steikt sild frå kvart hus i heile grenda. Kristian Hanssen hadde ein gong eit langt rim om dette, eg trur det var under krigen (40-45). Av dette kan eg no berre hugse nokre strofer som lydde omlag slik: “So steikte dei silla, so feittet det trilla, frå Midtun hos ho Hilla, og ditto Kamilla, heilt inn til Flolid til Jakob si Nilla.” Det er kanskje ikkje heilt rett attgjeve, men det syner litt av “festen” som vart då den fyrste sildelasta kom. Silda var viktig i hushaldet, ikkje minst i dei vanskelege krigsåra.

Kvinnearbeidsplassar var her få av. Jentene arbeidde gjerne som tenestejenter rundt om på gardane, og hos andre som hadde bruk for arbeidshjelp. Mange jenter reiste også ut og tok seg arbeid som hushjelp, i butikkar og på hotell og kafear. Ein del utdanna seg til “sydamer” og dreiv med sying, anten på systover eller på eiga hand. Etter kvart vart det jobbar i sardin- og sildoljefabrikkane som voks opp, og i andre fabrikkar som kom til.

Smått i senn vart administrasjonen i Gulen kommune bygd opp her, og det skaffa med tida ein god del arbeidsplassar både for kvinner og menn. Skulen har vorte meir utbygd etter kvart, og gjev no arbeid til 10-15 personar (lærarar, vaktmeister og reinhaldsarbeidarar). I 1959/60 kom Gulen Gamleheim, der fleire kvinner fekk arbeid. I 1975 vart heimen utvida med tilbygd sjukeheim og fekk namnet Gulen Sjuke- og Aldersheim, med enno fleire arbeidsplassar. Som byggherre stod Gulen Sanitetslag, men då heimen var ferdig vart han overteken av kommunen. Innviinga var 1.6.1975.

Nokre linjer frå prologen ved overleveringshøgtida:

I dag har me heist våre flagg,

trekt i våre beste plagg,

teke oss fri,

samla oss til overleveringshøgtid,

for vår sjukeheim, vakker og ny,

fint plassert i bjørkeskogens ly.

 

Solid ruvar bygget,

me føler oss stolte og trygge,

er glade for sjukeheimen vår,

vonar at folket i mange, mange år,

av han mykje glede og nytte får.

Sanitetslaget, saman med distriktslækjar Hallvard Natvik, stod også bak arbeidet med oppretting av Gulen tannklinikk som kom i drift hausten 1947. Fyrste tannlækjar var Reidar Tveit frå Leikanger. Han var delvis oppvoksen her då faren, Olav Tveit, tidlegare var lærar i Eivindvik og klokkar ved Gulen kyrkje. Tannlækjarkontoret var i kjellaren i bankhuset (huset Jørs no har). Reidar Tveit reiste herfrå i 1951 og vart seinare fylkestannlækjar i Sogn og Fjordane.

Den første inntaksdammen til Eivindvik vassverk..

Eivindvik Vassverk vart skipa i 1955. Den fyrste dammen (biletet) vart laga i Dalen ovanfor prestegarden. Han var ferdig i 1957, men etter kvart som fleire og fleire vart tilkobla leidningsnettet vart dammen for liten. Gamleheimen og skulen var store brukarar av vatn og i 1967-68 vart det laga ei lita inntakskum i Kvernhuselva på Midtun, ved Geitebykset, og lagt leidning opp der. Det vart også lagt leidning frå Svartevatnet fram over Svartevasshamrane. Derfrå rann vatnet i elva vidare ned til inntaket ved Geite­bykset. I 1982 vart så slangar lagt, over Gryta, heilt opp i Svartevatnet, slik me har det i dag. Vassverket vart drive som eit sameige, med fellesinnsats frå bygdefolket, heilt fram til 1. juli 1992 då kommunen overtok som eigar, og føretok ei større utbygging med m.a. moderne reinseanlegg.

 Det er noko eg har lyst til å ta med her, sjølv om det ikkje har direkte med Eivindvik å gjera. Det er Olai Blidensol (på Vassøy) som har fortalt meg dette. Han arbeidde på den mekaniske verk­staden til Johannes Steine på Skjerjehamn. Når dei ikkje hadde anna å gjera, nytta dei tida med å laga motorar. Om motorane hadde noko namn veit eg ikkje, men dei vart i daglegtale kalla "Skjerjehamnsmotorar". Det var Steine som konstruerte motoren og på verkstaden laga dei sjølve alle motordelane, inntil den minste skrue. Det vart i alt laga 11 motorar, på ca. 5 hk. Den fyrste motoren vart seld til Søren Randal som då var lærar på Mjømna. Motoren høvde godt til båten han stod i, og gav båten god fart. Eg har høyrt at "Skjerjehamnsmotorane" var gode og slitesterke. Søren Randal kom i 1946 som lærar til Eivindvik og vart seinare den fyrste skulesjef i Gulen. (Sonen Håkon Randal var også utdanna lærar, han vart stortingsmann for Hordaland og seinare fylkesmann der).

 

Vegfest i Midtundalen i 1981.

Då traktorvegen i dalen var ferdig i 1981 vart det halde ei samkome ved Ole-selet der representantar for landbruksstyresmaktene, både lokalt og frå fylket, var med saman med grunneigarane, entreprenør Arne Eide, og ein del andre innbedne. Samkoma vart leia av formann i vegkomiteen, Rolf Midtun. Det vart servert rømmegraut og spekemat.  Magnor Midtun hadde fylgjande prolog:

PROLOG TIL VEGFESTEN

 

EIVINDVIK MEIERI

Soga til meieriet har vist seg å vera vanskeleg å finna ut av. Det har ikkje lukkast å finna nokon av møtebøkene, korkje frå det eldste meieriet eller frå seinare tider. Også rekneskapsprotokol­lane er borte, men, som lause ark, har eg fått kopi av kontrakten mellom handelsmann Ola Midthun og Eivindvik Meierilag om leige av lokale i kjellaren i bygget hans (kontrakten er datert 20.9.­1958), og kopi av vedtektene for Eivindvik Meierilag “vedtekne på skipingsmøte (årsmøte) januar 1959” og rekneskapsutdrag for det nystarta meieriet for åra 1959-1965, og så eit rekneskap for tidsromet 26.11.-31.12.1958, anleggsrekneskap, oppsett av bankkasserar Konrad Elnes.

Det eg har skrive er såleis for det meste tufta på munnlege opplysningar frå folk i bygda. Dei viktigaste heimelspersonane er: Ivar Henriksbø, Harald Henriksbø, Ole J. Midtun, Hilda Brosvik, Odd Midttun og Rolf Midtun.

I bygdeboka for Gulen står at det fyrste meieriet i Gulen vart sett i drift på Undertun i 1893, men vart nedlagt alt i 1895. Etter dei opplysningar eg har fått var Lars Underthun sterkt inne i biletet under skipinga og det var truleg han som tok initia­tivet.

Bøndene leverte mjølka til meieriet der ho vart separert, rjomen kinna, smøret tillaga, pakka og sendt, truleg til Bergen. Skummamjølka og saupet tok bøndene heim att og dette vart brukt i hushaldet og til dyrefor. Det var truleg slik at bøndene sjølve stod for separeringa av mjølka ved leveringane. På Undertun heldt meieriet mest sannsynleg til på gnr. 22, bnr. 3, der Lars budde.

Seinare, truleg kort tid etter nedlegginga på Undertun, var meieriet på plass i “Hemingstova” som stod der ungdomshuset no står. Denne stova hadde namnet etter ein Heming Aritsson som visst nok kom frå Solund. Han var kyrkjetenar. Meieriet bygde hus sjølv på Gryta, rett over Storelva frå Hemingstova, og ein skomakar, Hans Knutson Brandsdal, kjøpte stova. Han budde der truleg i 10-15 år. Så reiv han stova og flytte til Litlebrandsdal der stova vart sett oppatt.

Meieriet sitt namn var, truleg også då det var på Undertun, Midtunvågen Meieri. Så vidt eg har kunne finne hadde alle fellestiltak mellom bøndene her i eldre tid Midtunvågen i namnet sitt.

 

Meieriet på Gryta.                

Hemingstova og det gamle meieriet.  Foto: Ukjent.

På biletet kan ein så vidt skimte meieribygningen midt på biletet. Den lyse bygningen heilt til høgre er Hemingstova.

Meieriet kom truleg inn i huset på Gryta før år 1900. Huset var av tre med golv av betong. Dei fleste eg har snakka med kunne hugse “Meieritufta” som ei betongplate nede ved elva på gnr. 18, nr. 3. Etter det folk forklarar må huset ha vore 7-8 m langt og ca. 4 m breitt, oppført i 1 ½ høgd. Rett inn for ytterdøra var det ein liten gang der dei sette mjølkebidna. Vidare var der i 1. høgda eit rom for meierifunksjonen og trapp opp til 2. høgda der meierska budde. Ivar Henriksbø meinte at kjøkenet til meierska også      var i 1. høgda. Her var og plass for lagring av is. I “ishuset” vart isblokkene tekne vare på i sagmugg. Is tok dei frå elva, dei skar blokkene ut med store issager. Vassleidning  truleg ikkje innlagt, vatn tok dei nok frå elva som rann rett framom.

Separatoren, nokon meinar han var av merket “Alfalaval”, stod på eit stativ som var støypt fast i golvet. Også ei stor tunnekinne stod på stativ. Separator og kinne vart driven med handkraft og bøndene hadde kvar sine dagar då dei skulle hjelpa til med separeringa. Skummamjølk og saup fekk dei her og med heim att. Smøret vart tillaga av meierska, pakka og sendt til Bergen.

Kor lenge dette gamle meieriet på Gryta var i drift er ikkje heilt klårt, men etter kvart som bøndene kjøpte separatorar sjølve vart det mindre aktuelt. Det ser i alle fall ut til å vera slutt før 1919, for då skal materialane frå huset ha vore nytta under utviding av bustadhuset på gnr. 21, bnr. 7, hos Jon Henriksbø som kjøpte meierihuset. Separatoren vart kjøpt av Hans Undertun, seiest det. Kanskje vart meieridrifta nedlagd under fyrste verdskrigen. Det gamle meieriet var som ein institusjon i bygda. Her møttest folk, dei prata og frette nytt, det var ein samlingsplass med stor sosial verdi.

Ein del år seinare, det var etter at bygdevegen kom (1924), vart det gjort freistnad med levering av mjølk til Høyanger. Det vart ordna med rom for mottak i naustet til lensmann Bredvik. Betzy Larsen (Hummelsund) vart tilsett for å stå for innveging. Det vart laga til brønn ovanfor naustet og kjølekum inni naustet. Denne ordninga starta ein haust og det varde i ca. 1 ½ år. Då vart det stogg p.g.a. manglande oppgjer frå mjølkemottakarane i Høyanger. Ein del av bøndene her tapte pengar på denne ordninga. 

     

Frå mjølk til smør.               

Etter dette vart det slik at bøndene kinna sjølve og selde smøret til handelsmennene. Men trongen for betre og sikrare omsetning av smøret melde seg og det vart (truleg midt i 30-åra) starta smørlag for å få fastare og meir stabilt mottak i Bergen. Etter avtale med firma P.R. Sandal vart det kjøpt inn smørelte som vart plassert i Sandal sitt privathus. Bøndene kinna smøret sjølve, leverte på faste dagar hos Sandal, der smøret vart elta, pakka og sendt til Bergen. Under krigen 1940-45 vart bøndene pålagt levering av smør, som av andre landbruksprodukt, med ei viss mengd på kvart bruk, etter storleiken på bruka.

Omkring 1950 vart smørmottaket lagt til handelsmann Ola Midthun. Ei tid stod då elta i ungdomshuset. Seinare vart ho flytt til kjellaren i huset til Haldis og Arne Fosse som stod for elting og pakking av smøret.

Smørlaga var ei ordning for dei som ikkje leverte mjølk til meieri, og etter kvart kom også ein del bønder som budde utanfor Eivindvik med i smørlaget her. Såleis leverte Brandsdal, Glosvik, Undalsvik, Klokeid, Neverdal, Hausevik (Vesetvik), Hisarøy og området langs Strendene smør her til. Seinare kom ein del bønder i Austgulfjorden, som ikkje leverte mjølk, med i dette smørlaget. Vidare leverte nokre av oppsitjar­ane på Grinde stundesvis smør her til.

Smørlaget heitte, i alle fall på slutten, Eivindvik Smørlag, og ordninga varde heilt fram til Eivindvik Meieri kom i gang 1.12.­1958.

Utan at eg har prisar og statistikkar å syna til må me tru at dei gamle meieri- og smørlagsordningane hadde mykje å seia for at bøndene fekk venda sine varer på ein god og tenleg måte og til dei beste prisar som kunne oppnåast i marknaden til dei ymse tider.

 

Nytt meieri.

Då det nye meieriet starta vart det likevel ikkje slutt med smørmottaket. Meierilaget sine rekneskap for 1959 til 1962 viser at det også desse åra vart teke imot smør gjennom smørlaget, truleg frå dei som budde utanfor Eivindvik og ikkje kunne levera mjølk. Men her i bygda vart det då slutt med separering og kinning. Mjølka vart levert på meieriet, innvegd der, og det som ikkje vart selt lokalt, vart sendt til Bergensmeieriet med rutebåtane. Transporten til lokalmeieriet vart ordna ved at dei einskilde bønder kvar sine dagar køyrde mjølka til meieriet. Tomspanna vart tekne med tilbake. Kvart bruk hadde også sine faste dagar for køyring av mjølka frå meieriet til d/s-kaia for sending til Bergensmeieriet. Meieriet heldt heile tida til i kjellaren under butikken i Ola Midthun sitt hus. Der vart innreidd med moderne kjølekum. Haldis og Arne Fosse stod for innveginga. Kontrakten mellom handelsmann Ola Midthun og Eivind­vik Meierilag vedkomande utleige av lokale til Eivindvik Meieri er, som nemnt, datert 20.9.1958 og skulle gjelda frå den dag meieriet kom i drift. Leiga vart sett til kr. 25,- for månaden.

Meieriet skulle også ha høve til å nytta det oppsette fryseaggre­gat (Ola Midthun dreiv på den tid også med utleige av frysebok­sar) til maskineriet for kjølekumma, “mot leige etter vanlege takstar”.

Vedtektene for meierilaget skulle vedtakast på “skipningsmøte (årsmøte) januar 1959”.  Det eksemplar av vedtektene som eg har sett er ein, ikkje underskriven, kopi, men det er grunn til å tru at han inneheld den rett vedtekne tekst. Paragraf 1 lyder slik:

“S/L Eivindvik Meierilag er ein samskipnad av bønder i Eivindvik med næraste omland. Det er eit parthavarlag med avgrensa ansvar, vekslande medlemstal og kapital.

Det har hovudkontoret sitt i Eivindvik i Gulen herad.”

Det står vidare i paragraf 2 at føremålet med laget er “meieri­drift og omsetnad av mjølk og mjølkeprodukt”.

Vedtektene sler også fast at “laget sin kapital er partar a kr. 25,- tjuefemkroner pr. ku,” og at det skulle teiknast ein part “for kvar mjølkeku som garden med rimeleg drift forar år om anna.” Vidare vart avgjort at det for partar som er teikna skulle “gjevast trygd som meierilaget kan nytta til trygd for lån. (Partslån).” Det går også fram at partane skal fylgja garden og i paragraf 4 heiter det m.a.:”Partane kan ikkje ved kjøp, arv, gåva, pantsetjing, eller gjeldsinndriving overlatast av nokon utan samtykkje av årsmøtet.”

Paragraf 6 fastset leveringsplikt, der står m.a.:”Kvar parthavar har rett og plikt til å levera all mjølk som garden produserar, unnateke den som vert nytta på garden eller seld til folk som bur fast eller arbeidar på garden”. Vedtektene er på 4 fullskrivne A-4 sider og er nokså utfyllande.

Anleggsrekneskapet syner ein samla kostnad på kr. 4.728,05.

Medlemane i meierilaget: Ivar Henriksbø 6 partar, Jakob Hauge 6 partar, Ole J. Midtun 6 partar, Edvard Fosse 3 partar, Asbjørn Underthun 5 partar, Rolf Midtun 6 partar, Gerhard Wergeland 4 partar, Harald Eide 1 part, Odd Midttun 5 partar, Konrad Elnes 3 partar, Harald Nese 4 partar, Harald Henriksbø 3 partar, Olav Undertun 2 partar, Erling Oppedal 3 partar, Herman Henriksbø 2 partar, Torleif Henriksbø 2 partar, Ingvald Sognefest 3 partar og Nils Navdal 3 partar.

 

Drift og styring.

Fyrste driftsår, 1959, viser rekneskapet at det vart innvege i alt 144.130,2 kg mjølk. Heimesalget utgjorde 22.213,5 liter og resten, 117.895 liter, vart sendt til Bergensmeieriet.

Gjennomsnitt utbetalingspris til produsentane vert 67,23 øre for 3,75% fett”, står det tilført i rekneskapet. Samla utbetalt til leverandørane var kr. 93.881,61. Same året vart det selt smør for kr. 113.533,60.

Året etter, 1960, vart innvege i alt 176.118,8 kg, omrekna til liter 171.360. Av dette selt heime 23.097 liter. Gjennomsnitt utbetalingspris 68,3 øre pr. kg, brutto utbetaling til leveran­dørane i alt kr. 124.395,40. Smørsalet var på kr. 119.279,33.

Etter dei rekneskapskopiar eg har sett er det 1963 som viser det høgste tal for innvegen mjølk med 197.240 kg. Dette året har ikkje noko tal for smørlevering. Grunnen er at smørlagsrekneskapet frå og med dette året vart skilt ut frå meierirekneskapet.

Det største heimesalget viser rekneskapet for 1964 med 35.898 liter, men dette talet ligg nokså jamt i dei tre siste åra eg har sett rekneskapskopiar for (63-64-65) med over 35.000 liter for kvart år. Medels feittprosent var 3,9% i alle desse 3 åra. Medelprisen til produsent var høgst i 1965 med 87 øre pr. liter.

Eivindvik Meieri var i full drift fram til det vart ordna med levering til samlestasjon for Bergensmeieriet i Duesund. Det skjedde i 1967. Mjølka vart då henta med bil på det einskilde bruk. Fyrste turen her for mjølkebilen var 1.4.1967. Den dagen kom det snø og bilen greidde ikkje å ta seg opp til Midtun. Transportøren krov at vegen måtte ordnast og i tida då utbet­rings­arbeidet føregjekk måtte dei på Midtun køyra mjølka ned til Grytekroken.

Fyrste tida vart mjølka også med mjølkebilen transportert i spann, seinare gjekk dei over til å nytte tankbilar, og etter kvart fekk bøndene installert mjølkeanlegg med tank i driftsbyg­ningane.

Då protokollane både for smør- og mjølkemeieria ikkje har kunne oppsporast er det lite eg kan fortelje om kven som har leia verksemda fram gjennom åra. I starten på det fyrste smørmeieriet som kom i 1893, ser det, som nemnt, ut for at Lars Underthun har spela ei stor rolle.

Styreformenn for det siste meieriet frå 1958 og utover har vore:

1958                  Asbjørn Underthun

1959                  Odd Midttun

1960-62            Rolf Midtun

1963-67            Ivar Henriksbø

Rekneskapsførar i alle desse åra var handelsmann Ola Midthun som også ordna med den drifta som var att i smørlaget.

Det ser ut for at organisasjonen har heitt Eivindvik Meierilag, men at sjølve verksemda har brukt namnet Eivindvik Meieri. Dette namnet er brukt m.a. i den kopien eg har sett av kontrakten om leige av hus av 20.9.1958, og vart også brukt i daglegtalen mellom folket.

Årsmøta i meierilaget vart arrangert mest som festar ser det ut for, med god mat (rømmegraut m.m.), kåseri, opplesing, song og musikk og ymse anna underhaldning.

I 1967 vart det slutt på alt som hadde med meieridrift å gjera i Eivindvik. Ein epoke i bygda sitt næringsliv var over, ja, me kan vel også seia at ein del av det sosiale liv i bygda vart borte. Dei mange hyggelege turane med mjølkespanna og koselege samtalane på meieriet, var blitt soge. Dei gode minna om ei strevsam, men god og lukkeleg tid må få leve.

Oppal av gode dyr var noko som stod i nær tilknytning til mjølke- og smørproduksjonen. Fleire ordningar til fremjing av både mjølke-, kjøt- og annan landbruksproduksjon kom i stand i bygda vår i same periode som meierisamyrket var aktuelt. Slike ordningar var Midtunvågen fealslag, Midtunvågen sauealslag, Midtunvågen slaktelag og Midtunvågen jordbrukslag. Jordbrukslaget gjekk inn og så kom Eivindvik innkjøpslag som framleis er i drift.

Slaktelaget var medlem i Vestlandske Salslag og vart borte då bøndene tok til med å levera slaktedyra levande til salslaget. Fealslaget sine oppgåver vart i 1960-åra overteke av meierilaget.

I 1929 fekk fealslaget i stand ordninga med avlsoksar. Dette har Ivar Henriksbø fortalt, han var forvert for oksane frå 1935 til ordninga gjekk ut i 1965. Oksane var nok ikkje alltid så lette å hanskast med. Eg hugsar at det hende dei vart olme (mannevonde) og då kunne det ikkje vera spøk å ha med dei store og kraftige dyra å gjera. Men det gjekk bra.

Kva tid fealslaget og dei andre laga vart starta veit eg ikkje, heller ikkje korleis og av kven dei vart organiserte, men då det var eit visst samband mellom alle dei laga som bøndene skipa for å fremja og utvikla landbruksnæringa og sikra fastare og betre omsetning av varene sine, fekk eg lyst til her å nemnde dei av slike lag som eg kjenner til har vore i bygda. Det viser at bøndene i høgste grad var med på å utvikla samfunnet og at dei var opptekne av å betra vilkåra for folket som budde her. Ved å ta del i fellestiltaka fekk folket nyta godt av det positive desse tiltaka skapte, både beinveges i kroner og øre og indirekte av det dei tilførde av nye idear, trivsel og velvære.