Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

D/S-STOGGESTAD

 

PRØVETUR MED “FJORDPRINS”

8.10.1987

“Ta på deg treskona og spring”,

på Prestesundet skjer det store ting.

Den nye “Fjordprins” er på veg inn til oss

sjøen susar som ein stille foss.

Mjukt det i fløyta tutar,

ekkoet svarar i berg og nutar.

Strålar frå lyktene langs landet går,

lyser over folket som på kaien står.

Kvar ein smilar blid

augnar ei ny tid.

Flagga vaiar i mast og rigg,

“superjetten” ved VÅR kai ligg.

 

Spenninga veks.

Dette minner litt om 1936

då kong Håkon frå “Nordfjord I”,

spenstig, på raske bein,

gjekk i land på Sandalskaien

der folket stod tett langt opp i veien.

 

Me har hatt vitjing av mange vakre båtar,

høyrt mange grove fløytelåtar

frå tunge, trege dampskip,

og mange tunne pip.

Ja, her har vore skuter av mange slag,

frå dei eldste tider fram til i dag,

smekre vikingskip, smidige og fine,

“BergeViking”,“Sørlandet”og moderne“Celine”.

Her kom sogetida sine kongar.

Eggja av skaldane sine songar

fekk dei mang ein hardbalen viking

dømd på gamle Gulating.

 

Ei tid var staden eit nokså tungt

samferdselsknutepunkt

også for Fylkesbaatane sine ruter

seinare såg me mindre til dykkar skuter.

Det er difor særskilt flott,

og følest godt,

at me vart vist den æra

mellom dei å vera

som fekk prøva denne superbåt,

stillfarande, men kraftig, rask og kåt.

Så moderne, slik service og komfort!

Dette vanskeleg nokon slår.

Han stettar den mest kresne trong,

har sjukelugar og konferansesalong,

sæter med “musikalske”knottar på,

mjuke tepper der du skal gå.

Du kan sitje, og ligge,

nyte utsynet, musikken digge,

drikke kaffi og sjokolade,

ta ein liten promenade,

sjå på video,

eller slappe av i fred og ro,

alt i ein fart av 38 knopp,

skuta er kort sagt topp!

Det “fyk” avgarde vårt vakre fartøy

utan å sjenere folk på holme og øy.

 

Det er mørkt og regnar ute,

fyrlyktene viser vår rute.

Moderne hjelpemidlar seg snur og vender,

sikre opplysningar til brua sender.

 

Skuta rasar gjennom fjordar og sund,

passasjerar trygge tek seg ein blund

men våkn opp de som sover,

turen er over.

Skipet har lagt til kai,

me må gå vår vei,

det er her me bur,

takk for ein hyggeleg tur!

 

Og takk for at de kom til Gulen og Eivindvik.

Måtte denne støvande båten få ei framtid rik

Og lukka han fylgje

over kvar ei bylgje,

og kunne slik det bli

at han fekk gå her all si tid!

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.