Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Høgtider Minneord Bankar

ANDRE HENDINGAR

 

VEGFEST 10.9.1966

No har me fått oss veg,

då er me vel glade både du og eg,

denne vegen vart til for deg og meg.

 

Og slik som dei har fått han til!

No kan me køyra, sykla og ri kor me vil,

til Nordgulen, Austgulen, ja heilt til Paris,

ila fram på ny, moderne vis.

 

Vegen skapar store framsteg der han slyngjer seg fram.

Me slepp no nytta båt og pram

når me skal ut og ferdast,

no kan det mykje meir lettvindt gjerast,

setja seg i ein mjuk og god bil

og susa avgarde mil etter mil,

bli bilsjuk og eta dispril,

vifta og vinka med beatles-smil,

rasa avgarde gjennom endelaus prakt

medan bilradioen durar i vaskebrettakt,

kvervla opp mengder av støv,

uroa dei som søv.

 

Vegen blenkjer som ei stripe av gull,

vår hug er av takksemd full.

Me ser lysare på tida som kjem,

døra ut til bilverda er komen på klem.

Det underfundige, ukjende i det blå

me funderar på og får lyst til å sjå.

I den seinare tid har ting skjedd fort

og me synest at det er stort,

me har nådd så langt,

det har hendt så mangt.

Tenk, bussrute via Flolid til Haveland

langs heile Nesestrand!

Kven kunne ha tenkt seg slikt?

I vår barndom ville det lydd som eventyr, eller dikt.

Kanskje rute Eivindvik - Månen vert det neste?

Er det underleg at me vil feste?

 

Ja, utsynet synest stort,

men det har det slett ikkje alltid gjort.

Me kan hugse dei fyrste pengane kom til vegen i 1937,

ja, det var vel, du og du,

ei løyving så det var store ting,

nok til heile fyrste sving.

Eit lag kom igang med feisel og bor,

mor Norge fekk sår etter sår.

Karane skaut og dominerte,

massar vart utfordra og planerte.

Der det var planlagt bru

låg vår gamle, kjære Kahrsbu,

solid på sin grunnmur,

ein del av  bygda sin kultur,

på døra plakatane alltid stod,

ho måtte rivast og flyttast no.

 

Sterke nevar svinga feilselen her,

det viste etter Nicolayen sine solide boreskjer.

Tomme etter tomme gjekk boren i fjellet ned,

og med litt dynamitt laut knausane te.

Selder vart fyllte, haugar utplana,

fram steig den flate, fine vegbana.

Kubikk på kubikk vart trilla fram, tippa galant,

store massar i evja forsvant.

Alle gjekk spente og venta på

at dei over Midtunvågen skulle kunne gå

også midt på sommaren,

høgt over torsken og hommaren.

Men løyvingane var små dei,

10.000 rakk ikkje langt nei.

Ofte måtte karane stoppe og vente på pengar,

la arbeidstøyet kvile på ein god hengar.

Etter mange, lange år,

nytt håp me får.

Store jernbjelkar vart over sundet lagt ned,

Midtunvågen kunne forserast på kne,

- ingen før oss hadde vel gjort det?

Dette skulle dei gamle vikingkongar ha sett!

Dei hadde vel tvilt på sitt gode vett,

og kasta sine fulle staup,

om dei såg at ein mann over vågen kraup.

Slik gjekk trafikken då om dagen,

sume kraup, andre åla seg på magen.

Og så kom brua,

samansett med store skrua,

rett nok fyrst av tre,

men alle var nøgde med det.

Me var av lovord fulle,

og når så evja hadde trakt det ho skulle

vart brua permanent

av stein, jern, sand og sement.

 

No var det gromme greier,

men me venta på meir veier.

Tida gjekk med ei løyving hist og pist,

det rakk ikkje langt, det skal vera visst.

Det vart ikkje ein gong samband med dei nærmaste grendom,

vegen stoppa på “Fljålidstrendom”.

Me skjøna straks at her måtte noko drastisk gjerast

om me snart pr. bil ut frå bygda skulle kunne ferdast.

Me tok skeia delvis i eiga hand,

strama inn vårt livband,

ofra så me mest ikkje hadde att til middagsmaten,

samla våre slantar og forskotterte for Staten.

Det vart tala og skrive brev

som tydeleg fortalde at den nye tida krev.

Me fylgde tanken,

samla pengane i banken,

og då vart det fart i sakene,

me fekk omsider også vår del av dei store kakene.

No vart det andre bollar.

Over Flolidgardens gamle vollar

vart kompressor, gravemaskin og buldosar køyrde ut

og steinmjøl, berg og jord stod som ein sprut.

Vegen slang seg fram som ein tolvfingertarm

med stor fart i verdig, moderne larm.

 

Sulingane kom, mykje var vunne,

men i Svabergskåra hadde så nær det heile forsvunne.

Litt etter kvart

Svaberghavet metta vart

og vegen heldt fram i rette lei,

god og brei.

Og så overtok igjen våre eigne drifta,

ja, det vart nesten som det står i skrifta,

dei fyrste vart også dei siste,

og det var ikkje noko betre me visste

enn at dei som arbeidde i den spede start

også med på forminga av enden vart.

 

Me er stolte av våre gutar

som jamna berg og nutar

til veg i kilometervis

for ein overkomeleg pris.

Også stor honnør

me gjev til oppsynsmann og ingeniør

som førde vegen med stor kløkt

over mang ei stygg sløkt,

gjennom skjæringar trange

og haugar mange,

over bøar og beiter,

med skråningar og veiter.

Som det ofte vil bli,

valda grunnspørsmålet litt strid.

Sume kunne vanskeleg få nok for jorda si,

andre gav heile grunnen fri.

 

År 1966, den 18. august

vart opninga tillyst.

Folk tykte visst det var rart

og tvilte på om det verkeleg vart,

men klokka kvart over tolv forsvant all tvil,

då steig vegsjef med fylge ut or sin bil.

Dei hadde korkje saks eller snor,

så det vart berre prata litt i Nordgulfjord,

og så køyrt ut til Eivindvik,

til ei stund så rik

med middag, kaffi og talar

i skulen sine romslege lokalar.

 

Og når no alt er så godt som ferdig

vil me kobla av

i ein fest fin og verdig,

utan sut og kav,

berre kosa oss og grauten nyte

i gleda over vegen me har fått,

og vona han vil oss yte

berre gagn og det som er godt.

 

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Høgtider • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.