Startside Opp Innleiing Namnet Steinkrossane Døypefonten Olavskjelda Gamal tingstad Gulen kyrkje Prost Dahl Poststad DS-stoggestad Kongevitjingar Andre vitjingar Namnebyte Andre hendingar Livet i bygda Minner ifrå krigen Gamle skikkar Gamal julefeiring Næringslivet Ymse Gulatingsminne Tankar Prologar Rim Minneord Bankar

HØGTIDER

 

JULEFERIE

 

No er jula her snart,

alt i kveld får ho sin start,

når born og svigerborn kjem

og borneborn med kos og klem.

 

Hender vinkar i takt,

landgang frå båten vert lagt,

augo dei tindrar,

og ingen ting hindrar

foten liten, lett og snar,

ila over kaia mot bestefar

som ventar med sin gamle bil

og tek imot med klapp og smil.

Så ber det, nett som ifjor,

til hjarteleg velkomst hos bestemor.

I stova, varm og god

glad med maten ventar ho.

Å kor godt det smaka,

og alt som ho har baka !

Og slik som ho har pynta då !

Det skin i kvar ei krå.

 

Ungane kan ikkje styre seg,

i heile huset rundt dei dreg,

kvar krok kjenner dei att,

veit kvar dei skal sove i natt.

Dei skal i 14 fine feriedagar

nyta maten bestemor lagar,

lyda til soger om fuglar og dyr,

huldrer, nissar og spanande eventyr,

høyra bodskapet om guten som

julekvelden til frelse for menneska kom,

om hyrdingar og om vise menn som kjem

med røykelse og myrra til barnet i Betlehem.

 

Dei gler seg også til å få vera med

bestefar i skogen etter juletre.

Og pynta treet vil dei svært så gjerne

med lys, glitter og ei vakker stjerne.

Mange pakkar, store og små,

dei håpefulle ventar på.

 

Dei pratar seg varme og håplaust spente,

ser mest inga råd med å vente !

Men med leik og spel dagane gjekk

og så mykje kjekt dei oppleva fekk

at tida faktisk fauk av garde,

så slett ikkje lenge det varde

før kvelden kom

med alt det dei drøymde om.

Med fine festklede

i fryd og glede

familien seg sessa

i kyrkja på julemessa

til djup, malmfull klokkeklang,

gode ord, musikk og sang.

 

Heime festbordet med lys og stas,

etter at bestefar evangeliet las,

baud massevis av framifrå julemat

på betemor sine aller finaste fat.

 

I stor spenning alle fram dei såg

mot opning av pakkane som under treet låg.

Og her kom det fram dei underlegaste ting,

tog som på skjener gjekk i ring,

bilar som kunne styrast omkring,

med revers og sving,

dyr og fuglar, nissar som dansa og lo,

nyttige reiskap, gromme klede og sko.

Nissen kom også på besøk

med mykje lått, song og spøk.

Ja, det vart litt av eit liv

og eit tidsfordriv

også i dagane framover,

både i og utanfor bestemor sine stover.

 

Om sider tok julefesten slutt.

Etter nyttåret sin sprakande salutt

små og store måtte julegåvene pakke,

for ein hyggeleg juleferie takke,

og så ein kveld reisa på same måten

som dei kom - med ekspressbåten.

 

Dei gamle vinkande på tunet står,

ynskjer god tur og vel møtt neste år.

I huset vart det så stille

at ein kunne høyre ei tåre trille.

 

 

Øvste bilete: Dagens Eivindvik. Foto: Leiv Henriksbø

Krossteigen med den angliske krossen og Olavskjelda. Foto: L.H.

Den keltiske Olavskrossen ved kyrkjegardsporten. Foto: L.H.

Den gamle døypefonten i stein i kyrkja.

Dei to krossane og døypefonten stammar truleg ifrå innføringa av kristendommen i Noreg, og kan såleis vere opp mot 1000 år gamle.

 

Tingveggen og Tinghella på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid. Foto: L. Henriksbø

 

EIVINDVIK FØR OG NO

Magnor Midtun si lokalhistoriske heimeside.

Tekst: M. Midtun, e-postadresse: magnor.midtun@enivest.net. Bilete: M. Midtun, der ikkje anna er nemnt. Kommersiell bruk av innhald på denne sida er ikkje tillate utan i samråd med eigaren, men kan brukast fritt til undervising og opplysning. Weboppsett: Studio Henriksbø.

Startside • Opp • Innleiing • Namnet • Steinkrossane • Døypefonten • Olavskjelda • Gamal tingstad • Gulen kyrkje • Prost Dahl • Poststad • DS-stoggestad • Kongevitjingar • Andre vitjingar • Namnebyte • Andre hendingar • Livet i bygda • Minner ifrå krigen • Gamle skikkar • Gamal julefeiring • Næringslivet • Ymse • Gulatingsminne • Tankar • Prologar • Rim • Minneord • Bankar

Denne heimesida fungerer best i Internet Explorer og Opera. Den kjem diverre berre delvis opp i Firefox og Safari. For dei som brukar dei to siste internett søkjeprogramma, kan det vere eit alternativ å installere eitt av dei to første i tillegg. Ein kan godt ha fleire internett søkjeprogram på den same PC-en. Men på den andre sida vil denne heimesida i løpet av året bli overført til eit meir moderne webprogram som er kompatibelt med dei aller fleste store internettprogramma.